Ny versjon av Se eiendom

Se eiendom er ei av Kartverkets mest populære tenester med 8,8 millionar klikk i året. No lanserer de ein ny versjon som mellom anna er betre tilpassa mobil.

Se eiendom gir gratis tilgang til oppdatert informasjon om alle eigedomar i Noreg. Informasjonen blir henta frå matrikkelen, som er det nasjonale eigedomsregisteret, og frå grunnboka, som er eit register over tinglyste rettar og hefte på fast eigedom og burettslagsandelar.

Du kan mellom anna sjekke kva som er tinglyst på ein eigedom, om eit bygg har ferdigattest eller om det er registrert kulturminne eller forureining der.

Link til mer informasjon:

https://kartverket.no/Om-Kartverket/Nyheter/ny-se-eiendom/

Sist oppdatert 05.12.18 - 10:59 av Martin Brunvatne