Har du kome frå Storbritannia dei siste 14 dagane?

 

Då skal du ta ein koronatest. Grunnen til dette er at det er påvist ekstra smittsomt virus der. Prøven kan du få tatt ved å kontakta Sokndal legekontor telefonnummer 51 47 06 80

Du seier at du har vore i Storbritannia. Dersom prøven er positiv, vil den då verta sendt til Folkehelseinstitutten for vidare testing.

Dette gjeld 14 dagar tilbake frå 21.desember.

For deg som  kjem frå Storbritannia mellom 21. desember og 10. januar, gjeld fylgjande tilleggskrav:

 

  •          Ta test på Covid 19 innan 24 timar, og ny test tidlegast 7 dagar etter ankomst. (Pcr-test og ikkje hurtigtest)
  •          Fylla ut eigenerklæringsskjema
  •          Melda frå til kommunen koronatelefon som er betjent alle kvardagar gjennom heile jula

 

For meir, sjå lenke under frå Helsenorge.no

Koronavirus i Norge: reiser til og fra utlandet