Koronavaksinasjon i Sokndal

 

Koronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og planane for vaksinasjon er klar i Sokndal. Norge vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar. Vi veit enno ikkje når første dosane kjem til Sokndal, men reknar med det vert første del av januar, kanskje får vi nokre få doser også i romjula.   Vi vil  oppdatera denne sida etter kvart som det er nye opplysningar.

Vi vil fylgja anbefalingane om kven som skal få vaksine først. Denne kan verta endra.

1. Bebuarar i sjukeheim

2. Alder 85 år og eldre

3. Alder 75-84 år

4. Alder 65-74 år og enkelte personar med høg risiko 18-64 år

5. Alder 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand

6. Alder 45-54 år med underliggjande sjukdom/tilstand

7. Alder 18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand

 

Vi får vita 5 dagar før kor mange vaksinar vi får, og vil på førehand ha klar liste over dei som får tilbod om vaksinen. Vi ringjer då den enkelte om tid og stad, og sender også ein bekreftelse på SMS. Når vi kjem til dei med underliggjande sjukdommar, nyttar vi lister frå fastlegane om kven det gjeld. Det er ikkje nødvendig å kontakta kommunen eller fastlege for å setja seg på venteliste.

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller mildre symptom, men nokre vert alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før har størst risiko for alvorleg sjukdom og er difor prioritert først.

 

Foreløpig er helsepersonell prioritert etter dei  7 gruppene, men dette kan verta endra dersom smittepresset aukar og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

 

Her er meir informasjon frå Helsenorge:

Når kommer koronavaksinen til Norge og når kan vaksinering starte