Råd om samlinger og arrangement

 

 

Regjeringa har oppfordra oss til å halda oss heime og ha minst mogleg sosial kontakt då landet er i starten av andre smittebølge. Dette er  for å snu den skumle utviklinga. Heldigvis er det ikkje utbredt smitte i Sokndal, og slik vil vi det skal vera. Alle bør vera med i dugnaden for å oppnå dette!

Samtidig treng ein ikkje avlysa alt, og spesielt er det viktig at barn og unge og dei som er åleine har eit tilbod. Det er begrensingar på kor mange som kan møtast, med det er mogleg å feira og møtast om vi følgjer råd og restriksjonar. Dei som har mange aktiviteter dei går på, bør tenkja over om dei skal sløyfa noko.

Det er mange spørsmål om gjennomføring av arrangement, og her ei ei lita oppsummering. Den er ikkje fullstendig, så sjå vedlagte lenker. I tilegg til det som står her, gjeld generelle smittevernråd at ingen skal gå på arrangement når dei er sjuke, og det skal vera god hånd- og hostehygiene.

Takk til alle som tilbyr opplevingar til dei som treng det!

 

Koronavaksinasjon